Forskningstur i Kvammen 04.06.2013
Her er litt bilder frå forskninga mi på korleis Gjelsvik
Skule, Kvammen og nærområda virker.
Konklusjonen min er at dei virka skikkelig
fint, i alle fall mykje bedre enn manageren min,
han gjekk berre rundt og hosta
og naus.
Jammen er da mange fine plassa i Askvoll Komune.
Det står tekst under kvart bilde.
Manageren min blei så fryktelig forkjøla etter at vi var på fjelltur i går.
Eg er like frisk og synes egentlig at manageren min er en sytekopp.
For
sikkerhet skuld så stakk eg innom apoteket i Askvoll før vi reiste til Gjelsvik
Skule og Kvammen.
Dumt å drage rundt på en managerer som da berre renn snår og
gørr utav i grunn.
Medisinen virka truleg godt, for han blei skikkelig godt motteken alle plassa vi
dukka opp.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her begynner Askvoll Kommune når du kjem kjøyrande frå Førde.
Så når du har
vært ute i den store skumle verden, på ett kjøpesenter i Førde i julestria
foreksempel, så kan du slappe helt av når du har passert
dette skiltet.
Her i
Askvoll Kommune finn du berre berre fred og harmoni og kjekke folk og berre
solskinnsdager, pluss en bamse som er fæl til å skryte.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her i Rørvika kan du stoppe for å sjå på informasjonsskilt om Askvoll
Kommune, sånn at du ikkje roter deg vekk.
Rett bortforbi her kan du starte
oppturen til Sunnfjords høgaste fjell òg, Blægja på 1304 meter.
Derfrå har du ei
nydelig utsikt, og så kan du sjå Blåfonna, en isbre vi har i Askvoll Kommune.
Den er ikkje så stor, men det gjer ingenting, for her i Askvoll Kommune er da
ikkje størrelsen da kjem an på, men kvaliteten, so da so.
Eg skal foresten opp
på Blægja i løpet av sommeren, så snart eg får manageren min frisk av
forkjølelsen sin.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her er eg i Løvika, ein flott plass, nett som alle andre plasser i Askvoll
Kommune.
Frå skiltet der det står Askvoll Kommune og inn her ligg det 3 viker på
rekke og rad, Hestvika, Rørvika og Løvika.
Her gjekk gamleveien til Kvammen, og
en kan kjøyre til Kvammen på gamleveien herfrå.
Veien til Førde blei ikkje laga
før i 1979.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Her er eg framme ved Gjelsvik Skule, og så er da barnehage i søraste enden.
Her hadde elevane ett prosjekt tidligare i år, der dei laga ordførerkjede med
diverse symbol frå Askvoll Kommune,
og skreiv ett lite hefte med informasjon om
symbola og om kommunen.
Ett skikkelig mesterverk vil eg sei, og som eg kjem til
å ha mykje hjelp i, på mi forskning på korleis Askvoll Kommune virker.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her har eg komme meg inn på Gjelsvik Skule og på kontoret til sjefa sjølv,
Siv Karin Flatjord.
Ho er opprinnelig frå Jølster, men har blitt ekte Kvammer
no.
Eg fortalte om den forkjøla manageren min, men det gjekk fint, han fekk
sleppe innfor dørene likevel.
Skikkelig kjekke og inkluderande folk her på
Gjelsvik Skule, både skumle bamser og forkjøla managere vert mottekne med åpne
armer.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Eg fekk være med en lærar på skulen på båttur, for å sjå Kvammen frå sjøsida.
Karen er frå Island og bur på andre sida av fjorden, ein plass som heiter
Vevring. Der har han funne seg kjering og var godt fornøgd med livet.
Eg fekk
ikkje helt tak i navnet hans, men trur det var Pall Helgi, eller nåke i den dur.
Vi prata no i alle fall masse saman, og han var en skikkelig kjekk kar.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Fiska gjorde vi og på turen, og fekk en fin lyr. Det var egentlig makrell vi
var ute etter, men vi karane tok det vi kom over.
Kvelden før hadde ein av
elevane på skulen vore med på å kaste not helt inne i vågen på Gjelsvika, og dei
hadde ett steng trakkfullt i
makrell liggande klar for levering.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gjelsvika sett frå vest. Nydelig flott plass.
Det er skikkelig fin badestrand
i Gjelsvika, men den er så langgrunn at dei voksne vert lei av å spasere før dei
får vatn opp til knehøgde.
Men badestranda egna seg ypperlig til små unga, og
dei voksne har ei anna småhemmelig badestrand lenger ut i fjorden som dei bruker
meir.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gjelsvik Skule sett frå sjøen.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gamle sjøbuer utover mot Hegreneset.
Litt lenger ut finn en store jettegryter
nede i fjæra, men dei fant eg ikkje i dag, og dei er såpass ukjent at en må
treffe dei rette lokalkjende
personane for å finne dei.
Men det skal eg finne
neste gong eg er her, eg seier som en kar eg såg på kino i lag med manageren
min, "I will be back", eller nåke i den dur.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her ser vi kraftstasjonen som ligg nede ved sjøen, rett etter tunellen vist
du kjem frå Førde. Eg trur da heiter Skorven her.
Oppover dalen på andre sida av
veien etter tunellen, finn du vatna som gjer at det er tilførsel til
kraftstasjonen.
Pluss at det er skytebane og flott natur. Skjerlia heiter det
oppover der.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Så er eg ferdig med båtturen sammen med Pall Hegri og en kar eg ikkje fekk
navnet på.
Dei trudde eg var sjøsjuk, men eg vil gjerne påpeike at eg såg etter
makrell og berre laga litt lyder for å lokke til meg makrellen.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Koseprat på lærerrommet, mens eg koser meg med kjeks i tillegg. Her er sju av
lærarkompisane mine, men dei er omtrent 13 til sammen.
Med
Bente Nymoen Selvik,
Ingrill Bruflot Kvammen,
Sissel Jensen Grytten,
Siv Karin Flatjord,
Marit Leknes Gryte,
Jostein Gryte og
Kathrine Grytten.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Eg og Siv Karin studerer ei minnestøtte etter Nikolaus Gjelsvik. Urna hans
står under denne støtta.
Nikolaus levde frå 1866 til 1938, og var ett av si tids
største personligheiter innafor rettsvitenskap og språk.
Han var professor og
blei æresdoktor ved universitetet i Leipzig. Så var han ihuga nynorskmann, og
sat i styre og stell i mange år.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her nede kom Nikolaus Gjelsvik frå, i frå huset med pipe, rett bak bilen til
manageren min. No bur Siv Karin og kallen her.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Krigsminne av dei frå Kvammen som omkom under krigen.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------
Ett gammelt hus i Kvamsvika, med masse historie i seg.Alfhild Aalen som dreiv
da meste som foregjekk seg i Kvamsvika i dei tider starta bygginga.
Faren
hennars hette Olav Aalen og oppfant og konstruerte verdens første sidepropell.
Ein stor oppfinnelse, men problemet var at så mange oppdaga og såg nytten av
oppfinnelsen hans, at dei tok patent på oppfinnelsen før Olav
tenkte i slike
baner. Olav forska og andre tok æra.
Så kom andre verdenskrig mens huset skulle ferdigstillast.
Brødrene til Afhild
var aktive med å føre flyktninger over til England. Den eine blei drept, mens
den andre overlevde såvidt.
Når freden kom var det berre ein krigsherja bror
igjen, og han orka ikkje tenke på husbygging.
Derfor står huset like halvferdig i
dag, som når krigen begynte.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Det gamle postkontoret i Kvammen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Ett landemerke ved fjorden i Kvammen. Båten "Prowess", som har lagt her sidan
begynnelsen av 1950-talet.
Den er ikkje god å sjå frå landsida, men viser godt
når ein kjem inn fjorden med båt.
Båten blei bygd i Portugal i 1943 og skulle
brukast som minesveiper. Etter krigen blei den ombygd til lastebåt og selt til
Norge.
I 1948 kom den frå Polen med spiker og sement, som skulle brukast til
gjenreisinga av Nordnorge. Ved Prestøya, som òg ligg i Askvoll Kommune,
kjørte
den på land og sakk som en stein.
Når en er lasta med sement og spiker, så er
det rimeligvis ikkje lett å halde seg flytande med hol i skroget.
Båten blei
heva fire år etter og frakta til Kvammen av en kar som hette Olav Aalen, og her
har den lagt sidan.
Det låg sikkert en god plan bak, men nett som manageren min,
som og har store planer, så klaffer ikkje alltid planane.
Båten har i alle fall
blitt ett landemerke i vel 60 år, mens ingen av planane til manageren min har
gjort seg bemerka hittil.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her i hamna i Kvammen var det meieri, posthus, bank, bibliotek, legekontor,
snekkerskule og sikkert mykje anna i gamle dager.
Før var det berre via sjøen
all kommunikasjon gjekk. Det blei ikke vei til Askvoll før på 60-talet, og til
Førde 1979.
Før veiene blei oppdaga så hørte Kvammen til kommunen Vevring på
andre sida av fjorden.
I det røde huset, midt på bilde, var det meieri i gamle
dager.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her slapper eg av utfor Jokerbutikken i Kvammen. Må inn og få meg litt næring
etter en hard dag med forskning.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Sjefen på Jokerbutikken var en skikkelig trivelig kar, eg glømte å få navnet
hans i farten.
Eg lovde at eg skulle hjelpe han å sjå etter 12 petunier og 3
pellargonier som hadde blitt stolne utfor butikken kvelden før.
Eg er ikkje
sikker på navna, men eg meiner det har med blomster å gjere, og ikkje er det
stor hjelp i meg, sidan verken eg eller manageren min har
greie på blomster. Men
eg lovde å sei frå vist eg ser nokre skumle folk som lusker rundt med petunier
under armen.
Dessutan så bur alle skumle folk på andre sida av skiltet som viser
Askvoll Kommune, og dit har eg ikkje tid til å reise i dag.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her er eg på ballbana i Kvammen. Her kan en både spele fotball og vollyball
og sikkert alt anna som har med ball å gjere.
Flott utsikt er da og, frå
tribuneplass ser en rett opp på Sunnfjords høgste fjell, Blægja.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Blægja, som er 1304 meter over havet. Enkelte plasser står det 1305, og med
snøen no så er det sikkert 1310 meter.
Eg skal opp der seinare i sommer, med
manageren min.
Han har vært der før, og beklager seg over at det er en tung tur,
men det får ikkje hjelpe, opp må han og sur får han berre værte.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Kapellet i Kvammen blei bygd på slutten av 1970-talet, og skiljer seg ut frå
andre kirkebygg i kommunen.
Det har liksom ett sånt moderne design, og så er det
ingen gravplass utenfor, og så lek det vatn igjennom taket.
I 2011 vart både
komfirmantane og presten og kapellet kjent i media, då dei stod rundt
alterringen med paraply.
Det er to forskjellige gravplasser som høyrer til
kapellet i Kvammen.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Gravplassen i Gjelsvika.
Tek gjerne imot nærmare navn på plassen, sidan eg
ikkje er helt lokalkjent noken plasser, og manageren min er helt håplaus til å
huske navn.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Den andre gravplassen ved Vågane, lenger ute i fjorden.
Tek gjerne imot
nærmare navn på plassen, sidan eg ikkje er helt lokalkjent noken plasser, og
manageren min er helt håplaus til å huske navn.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her langs sørsida av Førdefjorden var det 5 skuler i si tid. Rørvika,
Kvammen, Gjelsvik, Flokenes og Vågane.
Her er gamleskulen i Kvammen, med Blægja
i bakgrunnen. Skulen er ombygd til bustadhus no.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her stod gamleskulen i Gjelsvik, no er det berre utedassane som står igjen.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her sit eg i Kvammen Båthavn og venter på at han Svein skal komme og hente
meg, for å studere båten "Prowess"
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her kjem han Svein for å hente meg.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
"Prowess" sett frå sjøsida. Den vert også kalt spikerbåten, sikkert fordi den
var full av spiker når den sakk.
No til dags er den full av skog, og midt inni
skogen sit eg og slapper av i sola.
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Her sit eg i skogen på "Prowess" og slapper av.
-----------------------------------------------------------------------------------------------
Her er eg og Siv Karin på Flokenes for å sjå på rester av festninger etter
andre verdenskrig.
Tyskerane bygde en stor festning her, frå høsten av 1941.
Dei
som budde i nærheiten fekk 2 veker på seg til å flytte, og så overtok tyskerane
hus og heim. Tøffe tider på 1940-talet.
Her er en lang tunell som sikkert blei
brukt til å skjule og oppbevare ting i tilfelle flyangrep.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Tunellen har tre utganger, eller kanskje innganger alt etter ka vei du går.
Kanskje fleire og, for anlegget her er stort.
Det var rundt 88 tyske offiserer
og soldater som var fast stasjonert her.
Fjellanlegget hadde dei planer om å
bygge større, men det blei av en eller anna grunn nedlagt og alle kanonene
overført til Blålid-fortet
ved Måløy i 1944.
Jammen godt å befinne seg i dei
trygge armane til Siv Karin, når eg befinn meg på sånne skumle plasser.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Ein kanonstilling på Flokenes.
Eg sit oppå det som eingang var midten på ei
kanon, og kanona sirkla rundt det eg sit på.
Rundt er det små rom for ammunisjon
og mannskap. I områda rundt finn ein masse spor frå krigens dager.
Det var 4
kanoner her, pluss haugevis med anna skyteinstrument. Så var det mange hus og
mange narrekanoner.
Dei bygde mange stillinger med kanoner av trestokker og
kryssfinèr i tillegg, for å lure fly som kunne komme for å bombe.
Utenom det så
var det utplassert nøyaktig 2961 miner rundt fortet.
Etter krigen fant en ikkje
igjen alle minene, så området var avstengt fram til 1961.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Tusler ein rundt på Flokenes, i området rundt festninga, så dukker det stadig
opp sånne overraskelser i terrenget.
Men vær forsiktig med å gå inn, betongen er
gammel og armeringa rusten, så det kan ramle ned.
Men ellers er området ett
eldorado for folk som er nysgjerrig på krigshistorie. Veien inn her blei bygd av
tyskerane og er 1100 meter lang,
og ender som blindvei.
Her er det utrulig masse
å forske på for store og små, så eg kan anbefale en tur hit.
Om grunneigar er
einig veit eg ikkje, men oppførerer en seg fint så går det meste bra.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Kjekk gjeng ved Gjelsvik Skule, jammen en trivelig plass.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Endå en kjekk gjeng ved Gjelsvik Skule.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------

I søraste enden på Gjelsvik Skule er det barnehage med mange kjekke utendørs
instrument. Eg sjekka dissa, og den virka helt perfekt.
-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Sjefa på Gjelsvik Barnehage heiter Hanne Knutsen, og ho var naboen til
manageren min, inne i sogn, på en plass som heiter Hermansverk
for omtrent 40 år
sidan.
Eg smughørte når dei snakka om gamle dager, om fester og tjuveri av
sykler og sånt, men det har eg ikkje tenkt å nevne her då.
Hanne hadde en kjekk
kosebamse på kontoret, som eg blei god venn med.
Utenom det så har Hanne helt
seg like fin og fjong gjennom alle dei siste 40 år, i motsetning til manageren
min , som ser ganske så prega ut av elde.
------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Helt ytterst i Kvammen ligg Stavestranda. En skikkelig fin plass. Her er eg
helt i enden på veien.
---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Ett skikkelig lurt hus for å oppbevare ved her ute i skogen ved Stavestranda.
Sikkert en gammel reve- eller minkfarm som har fått nytt liv som vedhus.
Det har
nok vært stor industri med reve- og minkfarmer i Askvoll Kommune før i tida,
slike nedlagde farmer finn en overalt.
-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------